Dugnad og innsamling gav bygda bensin

Stor dugnadsinnsats og ei stor pengeinnsamling skaffa bygda utsal for bensin og diesel. – Vi hadde aldri kunne gå i gang med dette utan tilskot frå Merkur-programmet, seier styreleiar Grete Bjørndal i Fjordbutikken i Vevring.

Bensinfylling Vevring.jpg

FØRSTEMANN: Byggjeleiar Rune Engebø fekk æra av å vere førstemann til å bruke det nye drivstoff-anlegget i Vevring

40-50 personar var samla då dei nye bensinpumpene vart avduka utanfor Fjordbutikken. Og det var stinn brakke både i butikken og kaffikroken då bygdefolket samlast til kaffi og kaker for å feire opninga av det nye drivstoffanlegget.

Før denne dagen har folk i Vevring-bygda på nordsida av Førdefjorden måtte køyre 23 km til kommunesenteret i Naustdal for å fylle bensin. Den gamle pumpa ved butikken har berre levert farga diesel til næringsformål.

Auka båt-trafikk

No kan kundane kjøpe fleire typar bensin og diesel i nærbutikken, i tillegg til daglegvarer. Tre nye glasfiber-tankar har kome på plass, i tillegg til pumper med døgnopen kortautomat. Til våren skal kaia byggjast om slik at også båtar kan bruke det nye drivstoff-anlegget.

- Vi trur at fleire vil bruke butikken, når vil kan no tilby drivstoff i tillegg til daglegvarer. Ikkje minst håper vi at mange båtar vil kome innom for å fylle opp tanken. Det er her vi har den største målgruppa når det gjeld å få auka omsetnad, seier styreleiar Grete Bjørndal.

Fjordbutikken i Vevring er ein velassortert nærbutikk med tipping, apotek-varer og Felleskjøp-varer. Kaffikroken fungerer som bygdakafe, og på veggene heng kunstverk frå den internasjonale Vevring-utstillinga som blir arrangert kvart haust.

Kommunalt tilskot

Fjordbutikken har investert ein million kroner i nytt drivstoff-anlegg. Det er mykje pengar for ein butikk som har fire millionar kroner i årsomsetnad. Men anlegget har blitt realisert gjennom eit stort spleiselag der både kommunen, lokalt næringsliv og bygdefolket har vore viktige partar.

Butikken har i løpet av eit halvt år samla inn 140.000 kr gjennom loppemarknad og gåver frå bygdefolk, lag og organisasjonar. Lokale entreprenørar og bønder har lånt ut utstyr og jobba dugnad til ein verdi av 170.000 kroner. Naustdal kommune har gitt eit tilskot på 150.000 kr gjennom Sunnfjord næringsutvikling. Og endeleg har Merkur-programmet gjeve maksimalt tilskot, på 500.000 kroner.

- Det var ikkje vanskeleg å støtte eit slikt formål. Drivstoffanlegget er med på å skape attraktivitet og aktivitet i grenda. Det er viktig for kommunen, seier ordførar Håkon Myrvang som sit i styret for næringsutviklinga.

Avduking bensin Vevring.jpg

NYTT TILBOD: Vevring i Naustdal har vore utan sal av drivstoff fram til no. To av dei 50 dugnads-arbeidarane, Ole Johan Apalseth og Lillian Hellenes, fekk æra av å avduke det nye anlegget.

Fantastisk gjevarglede

Styreleiar Grete Bjørndal og byggjeleiar Rune Engebø som har hatt hovudansvaret for det nye anlegget, fortel at det har vore stor entusiasme i bygda for å drivstoff. 50 personar har vore med på dugnad. Ingen av dei som vart spurde, har sagt nei.

- Vi har møtt ein velvilje og ei gjevarglede som har vore heilt fantastisk, seier Grete Bjørndal.

Styreleiaren understrekar også kor viktig det statlege tilskotet frå Merkur-programmet har vore:

- Vi har lenge hatt behov for eit drivstoffanlegg. Men vi har aldri kunne gå i gang med ei så stor investering utan tilskotet gjennom Merkur-programmet. Vi er utruleg takknemlege for dei pengane vi har fått på denne måten, seier ho.

- Og kva er prisen på bensinen i Vevring?

- Under 15 kroner for literen. Det er ikkje vårt mål å tene pengar på drivstoff. Men vi håper at dette skal føre til auka handel i butikken, seier Grete Bjørndal.