Bokhandlar får hjelp til omstilling

Merkur-programmet skal jobbe meir for å støtte utsette bokhandlar i distriktet. – Vi er veldig glade for samarbeidet med Merkur, seier Trine Stensen, direktør i Bokhandlerforeningen.

Trine Stensen 1.jpg

VIKTIG ORDNING: - Merkur Bok er ei viktig ordning for bokhandlane i distriktet, seier Trine Stensen, direktør i Bokhandlerforeningen.

Kommunal- og regionaldepartementet, Merkur-programmet og Bokhandlerforeningen har dette året gått kritisk gjennom verkemidla i Merkur Bok og drøfta korleis satsinga på distriktsbokhandlane best kan vidareførast. Partane er samde om ein ny strategi med fokus på omstilling og god oppfølging.

- Den norske bokbransjen står i dag overfor ei krevjande spagatøving. Lesaren ønskjer både papirbøker og eit godt tilbod når det gjeld elektroniske bøker. Bokhandlane i distriktet har ekstra utfordringar fordi marknaden er avgrensa. Utfordringa er å tilpasse seg ein ny situasjon slik at vi framleis kan ha lokale bokhandlarar rundt om i landet, seier Trine Stensen i Bokhandlerforeningen.

Merkur Bok viktig

Merkur-programmet etablerte eit eige program for bokhandlar i 2008. Bakgrunnen var problema som oppstod då mange små bokhandlar fekk ein markert reduksjon i omsetnaden på grunn av nye reglar for sal av skulebøker.

70 bokhandlarar frå distrikts-Norge har etter den tid deltatt i hovudprogrammet for Merkur Bok. Bokhandlarane har fått større kompetanse på økonomi, butikkdrift, tilleggsoppgåver og kontakt med lokalsamfunnet. Dei har også fått delta i nettverksarbeid og konferansar. Vidare har dei fått regelmessig besøk av ein Merkur-konsulent som har gått gjennom drifta i bokhandelen. Målet har vore å få større sal og betre økonomi.

- Merkur Bok har vore ei viktig ordning for bokhandlane i distriktet. Gjennom dette programmet har små bokhandlar fått hjelp til å bli meir berekraftige, kommenterer Trine Stensen i Bokhandlerforeningen.

Unngå nedlegging

Arbeidet med bokhandlarar i distriktet skal vere ein viktig del av oppdraget for Merkur-programmet også i åra som kjem. Bokhandlerforeningen ønskjer at Merkur skal prioritere omstillings-arbeid for bokhandlarar som opplever sviktande sal. Dei ønskjer at det blir sett i gang tiltak slik at distrikts-Norge kan unngå ein situasjon der mange bokhandlarar i kommunesenter eller bygdebyar blir lagt ned på grunn av svikt i boksalet.

Merkur-konsulentane kan no ta på seg oppdrag for einskilde bokhandlarar som har behov for profesjonell hjelp til omstilling. Konsulentane skal vidare halde fram med besøksordninga, der ei går systematisk gjennom ulike sider ved drifta. Endeleg skal bokhandlarane få tilbod om nasjonale eller regionale konferansar. Nye bokhandlarar som ikkje har deltatt i hovudprogrammet for Merkur Bok, vil få tilbod dette. Konsulentane som også jobbar med daglegvare-butikkar, skal skolerast på aktuelle problemstillingar i bokbransjen.

Lokal bokhandel

Norge har i dag 640 bokhandlar. Talet på bokhandlar har vore stabilt dei siste åra. Auka boksal på nettet har første og fremst gått utover bokklubbane, som har fått halvert sin omsetnad. Ei forbrukar-undersøking som Bokhandlerforeningen gjorde tidlegare i år, viste at 17 pst. av bokkjøparane hadde kjøpt si siste bok på nettet. 59 pst. hadde brukt sin lokale bokhandel. Det blir rekna med nettet vil ta ein større del av omsetnaden både av papirbøker og elektroniske bøker dei komande åra. Men framleis seier dei fleste bokkjøparane at dei vil handle mesteparten av bøkene i bokhandelen også i framtida.

- Vi må ha auka fokus på omstillingsprosessen. Bokhandlane må tilpasse seg digitale løysingar både når det gjeld format og salskanalar. Eg meiner at det er viktig for lesinga at vi greier å halde oppe eit nett med lokale bokhandlar. På denne måten kan forfattarane få synleggjort bøkene sine, og vi kan få ein salskanal for lokal litteratur. Bokhandelen har også ei viktig oppgåve når det gjeld å formidle og rettleie kjøparane, seier direktør Trine Stensen i Bokhandlerforeningen.

Les meir: Kva er Merkur Bok?