Beste Merkur-butikk på Vestlandet

Bruvik Handel i Osterøy har blitt årets Merkur-butikk på Vestlandet. - Eg vil stille meg i kø og gratulere kjøpmann Jan Hesjedal, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Jan Hesjedal og Helge Schei.jpg

BEST I VEST: Jan Hesjedal (t.v.) har blitt Vestlandets beste distriktskjøpmann. Prisen for beste Merkur-butikk vart delt ut av Helge Schei (t.h.), dagleg leiar i Merkur-programmet.

Bruvik-bygda i Hordaland var utan butikk i over eit år. Men etter at Jan Hesjedal starta prosessen med og setje i gang ny drift, har bygda ikkje berre fått tilbake tilbodet om daglegvarer. Butikken har også blitt ein nervesentral i bygda.

- Sjølv om banken i utgangspunktet sa nei og frårådde butikk-prosjektet, har Jan heile tida halde på sitt eineståande gode humør. Han har definert problem og motgang som utfordringar. Resultatet kjenner vi. I dag framstår Bruvik Handel AS med lyse og innbydande butikklokale, godt vareutval og god service. Det er ikkje rart at kundane trivest, heiter det i juryens grunngjeving for prisen.

Eldsjel i lokalsamfunnet

Jan Hesjedal var grendelagsleiar då den gamle butikken i bygda gjekk konkurs i 2008. Han jobba hardt for å berge bygningane slik at bygda skulle få ein ny butikk. Arbeidet lukkast, men det var vanskeleg å få tak i nye drivarar. Resultatet var at radio- og TV-reparatøren bestemte seg for å drive butikken sjølv. Ny butikk starta i august 2009, og saman med dyktige medarbeidarar han greidd å få til lønnsam drift.

Kjøpmannen på Bruvik har ifølgje juryen også utmerkt seg som leiar og inspirator. Han er flink til å delegere og omgir seg med svært motiverte medarbeidarar.

- Jan er ei eldsjel i lokalsamfunnet. Han var mellom initiativtakarane til eit stort informasjonsmøte der alle lag og foreiningar i bygda fekk presentere seg med tanke på nyrekruttering og auka aktivitetsnivå, heiter det vidare i grunngjevinga for prisen.

Statsråden imponert

Kommunalminister Liv Signe Navarsete har sendt gratulasjon til kjøpmannen på Bruvik:

- Uansett kva me gjer frå nasjonale styresmakter si side, er me heilt avhengige av eldsjeler som Jan Hesjedal som tek grep og finn gode løysingar for seg og sitt lokalsamfunn. Det er min klare ambisjon å bygge opp om og støtte slike lokale initiativ for å få vekst og utvikling i norske lokalsamfunn rundt om i heile landet. Når det gjeld grunnleggjande tenestetilbod og daglegvarebutikkar, arbeider me gjennom Merkur-programmet, seier statsråden. 

- Eg skjønar det er imponerande kva som er oppnådd i Bruvik i løpet av kort tid. Vi ser at det er viktig for eit lokalsamfunn å ha ein god daglegvarebutikk, gjerne ein butikk med fleire tenester enn berre daglegvarer. Eg har fått høyre at Bruvik Handel er eit knutepunkt i bygda. Det står det stor respekt av, og eg ønskjer både butikkdrivaren og bygda lukke til med sitt arbeid. Stell godt med kvarandre! seier Liv Signe Navarsete.

Nerven i lokalmiljøet

Ordførar Kari Foseide Aakre i Osterøy vil også gratulere prisvinnaren:

- Nærbutikken er nerven i lokalmiljøet, mykje meir enn ein stad der ein kan handle naudsynte varer for konsum. Det står stor respekt av det arbeidet som har vorte lagt ned i Bruvik handel etter at dei opna opp att. Eg ønskjer dei lukke til i det vidare arbeidet, seier Osterøy-ordføraren.

Merkur-prisen vart utdelt i samband med regionkonferansen i Bergen måndag, der 40 kjøpmenn frå Sogn og Hordaland var samla. Landsdelsprisen blir delt ut av Merkur-programmet til årets beste distriktsbutikk i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Anerkjennelse

Jan  Hesjedal seier i ein kommentar at han opplever Merkur-prisen som ein anerkjennelse av det arbeidet som har blitt lagt ned i butikken.

- Det er kjekt at det vi har gjort, blir sett pris på. Men butikken er ikkje berre mitt verk. Eg har vore usedvanleg heldig med medarbeidarane mine i Bruvik Handel, seier han.

- Kva er din butikk-filosofi?

- Eg er opptatt av at vi skal ta kunden 100 prosent på alvor. Uansett kva for behov kunden måtte ha, så skal vi prøve å dekke behovet, seier Merkurpris-vinnaren.