25 nye butikkar har fått støtte frå Merkur

Til saman 25 distriktsbutikkar har fått støtte gjennom Merkur-programmet til investeringar eller utviklingsprosjekt i 3.kvartal.

Anita Skåle Joker Lierne 2.jpg

SATSAR PÅ DRIVSTOFF: Dagleg leiar Hege Anita Skåle satsar stort på drivstoffsal ved Joker Lierne. T.h. Stig Leo Skåle. Foto: Erlend Malmø, Namdals Arbeiderblad

Seks butikkar har fått tilsegn om økonomisk støtte til opprusting eller nyetablering av drivstoffanlegg. 15 butikkar har fått støtte til investeringar til kjøl, frys, data eller andre butikk-formål. 11 butikkar har fått utviklingsstøtte. Fleire butikkar har fått tilsegn om støtte gjennom fleire ordningar.

Hittil i år har Merkur-programmet gitt tilsegn om 6,9 millionar kroner i offentleg støtte til drivstoff-anlegg. I tillegg kjem 5,4 millionar kroner i støtte til butikk-investeringar og 825.000 kroner i utviklingsstøtte.

Joker Lierne i Nord-Trøndelag har fått løfte om det største tilskotet for 3.kvartal. Daglegvarebutikken som held til i Jule i Sørlie, har bestemt seg for å byggje eit heilt nytt drivstoffanlegg til over ein million kroner. Merkur-programmet er villig til å gi 500.000 kroner i tilskot, for at distriktet skal vere sikra god tilgang på bensin og diesel.

Det er Hege Anita Skåle som driv butikken på Sørlie. Ho satsar på blomster, garn og drivstoff, i tillegg til å ha eit godt utval med daglegvarer. Butikken har også apotekutsal, båtutleige og sal av fiskekort og jaktkort. Og sjølvsagt lokalproduserte bakerivarer frå bygda si hjørnesteinsbedrift, Lierne Bakeri.

Her er oversikt over dei butikkane som har fått tilsegn om støtte for 3.kvartal 2012: 

Les om Merkur-tilskot 3.kvartal 2012