- Snakk med kundane ved hjelp av sms

Hans-Jacob Sunde på Nærbutikken Rognaldsvåg brukar mobilen for å kommunisere med kundane sine. Kvar laurdag klokka elleve sender han ut ei sms-melding for å fortelje om kva som skjer i butikken.

Hans Jacob Sunde m mobil.jpg

ENKELT: - Terskelen for å bruke mobil eller data-verktøy, har blitt veldig lav, meiner kjøpmann Hans Jacob Sunde.

For tre veker sidan oppdaga han at næraste nabo til butikken på den vesle øya Reksta utanfor Florø runda 90 år. Straks fekk han sendt sms-melding til alle kundane, skaffa ei kvinne med trekkspel og laga til kake i den romslege kafé-kroken på butikken. Resultatet vart stinn brakke – og sjølvsagt litt meirsal.

- Då vi først var samla på kafeen, viste det seg at vi også hadde ein 60-åring og ein 35 års bryllaupsdag på øya, fortalde Hans-Jacob Sunde på Merkurs regionkonferanse for Hordaland og Sogn.

100 telefonnummer

Kjøpmannen frå Rognaldsvåg som også har deltidsjobb som konsulent i Kjøpmannshuset, er kanskje litt meir interessert i data enn dei fleste andre. Men han meiner at alle kjøpmenn bør bruke dei verktøya dei har tilgang til gjennom butikkdata-systemet. Det er ikkje noko teknisk vanskeleg å sende ut tekst-meldingar til ei gruppe kundar.

Hans-Jacob Sunde ber kundane sine om å oppgi namn, telefon og epost. Så set han opp ei gruppe med fastbuande og ei gruppe med hyttefolk. I dag har han eit liste med 100 telefonnummer. Ein eller to gonger for veka sender han ut sms-meldingar om aktivitetar eller spesielle tilbod i butikken.

- Eg sender også ut melding om årsmøte i bygdelaget, 4H-fest eller preik på bedehuset. Så langt har eg berre fått positive tilbakemeldingar, seier han.

Knytt til butikken

Sunde poengterer at du ikkje bør sende for mange meldingar for veka. Då kan kunden bli lei. Men når kunden sjølv har gjeve deg mobilnummeret sitt, så betyr det at han vil ha desse meldingane.

- Når det pip i mobilen, så får du 100 prosent oppmerksomheit. Du knyter kundane til butikken på ein måte som er gull verdt. Og om kunden skulle vere på reise og tilfeldigvis gå på Karl Johans gate når meldinga blir sendt, så veit eg at han i alle fall tenkjer på butikken eit sekund. «Oj, no skjer det noko i bygda», tenkjer kunden. Og neste gong han kjem til Rognaldsvågen, så kjem han innom og handlar, filosoferer kjøpmannen.

Fleire distriktsbutikkar har oppretta eigne Facebook-sider for å kommunisere med kundane sine. Sunde brukar også Facebook, men han nøyer seg med å leggje sms-meldingane ut på si eiga Facebook-side.

Får større sal

- Mobil og sosiale medium kan vere eit verktøy til å tene pengar. Så kvifor skal vi ikkje bruke desse nye verktøya? spør han.

Kjøpmannen frå Flora meiner at sosiale medium og butikken som møteplass utfyller kvarandre på ein god måte. Når han får samla bygda til aktivitetar og servering i kafekroken, får han også eit betydeleg meirsal. På årsbasis reknar han med at laurdags-aktivitetane gir ein ekstra omsetnad på 200.000 kroner. Det kjem veldig godt med når du har 100 menneske på øya og ein årsomsetnad på 2,8 mill. kroner.

- Terskelen for å bruke nye mobil eller data-verktøy, er låg. Men angsten for å bruke desse verktøya er betydeleg større. Slik bør det ikkje vere, sluttar Hans Jacob Sunde

Rognaldsvågen butikk.jpg

FÅR MERKSEMD: - Kvar gong eg sender ein sms, får eg kundane til å tenkje på butikken på Rognaldsvåg, filosoferer den engasjerte kjøpmannen.