- Butikken er service for bygda

Berit Hersvik (81) har drive god gammaldags landhandel i Hersvikbygda i Solund i over 40 år. Denne veka vart den trufaste Oslo-kvinna heidra av ordførar, grendefolk og sommargjester.

Tor Knudsen - Berit Hersvik.jpg

GOD TONE: Berit Hersvik (81) kjenner godt kundane sine etter over 40 år bak disken. Tor Knutsen er glad for at utkantbygda framleis har sin eigen butikk.

Hersvikbygda landhandel er ikkje heilt som andre distriktsbutikkar. Her er ingen kjede-designa reolar som går frå vegg til vegg. Her er ingen datakasse som gir oppdatert informasjon om kva varer som sel best. Og her er verken tipping eller post i butikk.

Midt i landhandelen står ein lang kjøpmannsdisk. Ved kassa sit Berit Hersvik, slik ho har gjort i alle år. Tidlegare sprang ho rundt i butikken for å hente varene som kundane ville ha. No har ho blitt så dårleg til beins at kundane får lov til å gå rundt og forsyne seg sjølve. Ja, kundane har blitt så husvarme dei går heilt inn på lageret for å finne det som dei skal ha.

- Hadde det ikkje vore greitt å byggje om til vanleg sjølvbetjening?

- Nei. Her blir det slik som det har vore. Eg har aldri levd av butikken. Eg har hatt andre inntekter i tillegg. Men butikken er service for bygda. Og eg gir meg ikkje så lenge eg har helse til å drive butikk, seier Berit Hersvik.

Assortert landhandel

Det var ikkje sjølvsagt at Oslo-kvinna skulle ende opp som kjøpmann på ei av dei yttarste øyane ved utløpet av Sognefjorden. Men som ung drog Berit til sjøs, og der traff ho ein mann frå Solund. I 1970 overtok ho den gamle butikken på Hersvik og to år seinare stod eit moderne butikk-bygg ferdig.

I dag har Berit det vi kan kalle ein assortert landhandel, inkludert ei avdeling med lokalt kunsthandverk levert av ein nabo til butikken. Butikken har også utsal for bensin og diesel. Dottera Mona gir Berit ei hjelpande hand slik at ho framleis kan drive butikk.

Omsetnaden er stabil, sjølv om folketalet i Solund gradvis går nedover. Då butikken på naboøya Buskøy lenger vest i havet måtte leggje ned, kunne Berit glede seg over nye kundar som kom sjøvegen.  

Denne veka feira butikken 40 års jubileum, med helsingar frå ordførar, grendefolk og representantar frå dei mange sommargjestene som også brukar butikken. Alle uttrykte håp om at Berit måtte bli å finne bak disken i mange år frametter.

"Har alt eg treng"

Tor Knutsen er ein av dei gode kundane. Den pensjonerte bergensaren held til i Solund store deler av året. Han tar seg alltid god tid når han skal på butikken for å handle.

- Denne butikken har alt eg treng. Derfor ser eg ikkje noko poeng med å kjøre bil ein halv time for å kome til Hardbakke (kommunesenteret). Eg trur mange i bygdene her vil klage den dagen Berit stenger dørene. Kvifor ikkje støtte opp om nærbutikken når du har han? spør Tor Knutsen.

Mona Offerdahl - Hersvikbygd.jpg

LOKAL KUNST: Mona Offerdahl er Berit Hersviks hjelpande hand i butikken. Her viser ho fram lokal brukskunst frå Solund, som mange kundar er interesserte i å kjøpe.