Tett samarbeid med Suldal kommune

Merkur er i gang med eit felles utviklingsprogram for ni daglegvarebutikkar og ein bokhandel i Suldal i Rogaland. Butikkane skal bli betre på sal og service. Og kommunen skal lære korleis dei kan leggje forholda til rette for at offentlege innkjøp skal gå til lokale butikkar.

Joker Erfjord Suldal Asbjørn Vaage.jpg

JOKER ERFJORD: Lars Vaage ved Joker Erfjord er ein av deltakarane i samarbeids-prosjektet i Suldal. Denne butikken var ein av dei som fekk støtte gjennom Merkur-programmet til utbygging av drivstoffanlegg i fjor.

- Det er første gongen at Merkur-programmet går så tungt inn i ein kommune, seier Merkur-konsulent Lars Helgeland som skal gjennomføre Suldal-prosjektet.

Målet med programmet er å skape ein omsetnadsvekst på 5 prosent for alle butikkane i Suldal i 2013, samanlikna med 2012. Det er også eit mål å få positive driftsresultat for alle butikkar. Vidare er det ei klar målsetting å få tettare og betre dialog mellom kommunen og butikkane.

«Handle heime»-dag

25.februar var kjøpmennene samla til første fellssamling, saman med tre representantar frå Suldal kommune. I følgje lokalavisa Suldalsposten var det stor interesse for å gjere Suldalsbutikkane best i fylket på sal, service og kundefokus. I løpet av eit år skal det gjennomførast til saman tre samlingar for dei butikk-tilsette, med ulike tema. Det skal også gjennomførast fire butikk-besøk i kvar butikk. 

Vidare skal det vere ei to dagars leiarsamling for butikkleiarar. Ein av dagane skal handle om offentlege innkjøp og samarbeid mellom kommune og butikk.

Endeleg skal det vere ein «Handle heime»-dag for alle butikkane. Og i tilknyting til denne dagen skal det gjennomførast ein kursdag for kommunen kor temaet er offentlege innkjøp og samarbeidet mellom Suldal kommune og den einskilde butikk. Kommunen skal skolerast på å «handle heime».

- Suldal kommune har til forskjell frå mange andre kommunar, vore flinke til å handle lokalt når det gjeld daglegvarer. Men når det gjeld bøker eller papirvarer, har dei så langt ikkje brukt den lokale bokhandelen, seier Lars Helgeland.

Suldal vil bli best.jpg

SULDALPOSTEN: Samarbeidet mellom Suldal kommune og Merkur-programmet var hovudoppslag i lokalavisa Suldalsposten.

Kommunalt initiativ

Det var det kommunale selskapet Suldal vekst som tok initiativ til samarbeidet med Merkur-programmet. Den relativt rike kraftkommunen har gjennom fleire år vore villig til å satse på det lokale næringslivet. Dei fleste Merkur-butikkane har fått mellom 200.000 og 400.000 kroner i hjelp og støtte i form av starthjelp, rentefrie lån eller direkte støtte.

- Det er vårt inntrykk at Suldal er ein kommune som ikkje berre seier at butikken er viktig, men dei viser dette med konkret handling, seier dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet i ein kommentar.

Det er ikkje vanleg at Merkur jobbar direkte opp mot ein kommune, slik som i dette tilfelle. Helge Schei meiner at prosjektet i Suldal vil styrke programmet og gjere arbeidet meir konkret. Suldal-prosjektet kan også gi god lærdom i arbeidet med offentlege innkjøp og utvikling av samarbeidet med kommunane.

Åtte av dei ti butikkane som er med på utviklingsprogrammet, har tidlegare deltatt i Merkurs hovudprogram.

Suldal kommune kjem til å dekke ein del av kostnadene med samarbeids-prosjektet. Av den grunn har det blitt opna for at nokre faghandel-butikkar i distriktskommunen også kan få delta på nokre av samlingane.