Regjeringa satsar på Merkur-programmet

Merkur-programmet for utvikling og styrking av nærbutikkar skal framleis ha ei viktig rolle i regjeringa sin distriktspolitikk. Dette går fram av stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken, «Ta heile Noreg i bruk», som vart lagt fram i dag.

Liv Signe på talarstol Skei.jpg

DET GODE LIV: - Regjeringa vil ta heile Noreg i bruk. Ein aktiv distriktspolitikk har skapt eit Noreg vi er stolte av. Vår visjon om det gode liv i heile landet ligg fast, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

- Spreidd busetnad har vore eit politisk mål i Noreg sidan 70-talet. Vi ønskjer framleis å ta heile landet i bruk. Det er ei tydeleg politisk prioritering. Det er ikkje alle som meiner det, sa statsråd Liv Signe Navarsete då ho presenterte den nye stortingsmeldinga på ein pressekonferanse på Skei i Jølster.

- Noreg er annleislandet i Europa. Vi har klart å kombinere sterk økonomisk vekst med gode levekår over heile landet og relativt små geografiske forskjellar. Vi har høg verdiskaping fordi vi har klart å ta heile Noreg i bruk. Dette har ikkje skjedd av seg sjølv, men er resultatet av ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk over tid. Det er ein suksesshistorie, la kommunal- og regionalministeren til.

Butikk er viktig

Regjeringa er opptatt av attraktive lokalsamfunn og lokal utviklingskraft. Dette er viktige føresetnader for å nå måla i distriktspolitikken. Merkur-programmet blir tatt fram som eit av tolv viktige punkt for utvikling av lokalsamfunn.

- Ein daglegvarebutikk som ligg rimeleg nær bustaden, er ein heilt grunnleggande verdi for folk, blir det slått fast i stortingsmeldinga.

Meldinga presenterer hovudinnhaldet i Merkur-programmet, slik det er i dag. Prosjektet «Butikken som sosial arena» har fått spesiell merksemd, gjennom ein mini-artikkel med fokus på Vika Handel på Handnesøya i Nesna i Nordland.

Kommunal- og regionaldepartementet har også gitt ut ei samling med reportasjar som viser korleis distrikts- og regionalpolitikken fungerer. I dette heftet er det god omtale av Merkur gjennom ein to-siders reportasje frå Joker Skartveit i Rogaland, under overskrifta «Nærbutikk med badestrand».

Skartveit KRD.jpg

BUTIKK-PR: Joker Skartveit har fått svært god omtale i departementets hefte om distrikts- og regionalpolitikken.

Stortingsmeldinga slår elles fast at ordninga med investeringsstøtta er ein viktig føresetnad for at butikkane skal utvikle seg og gi eit variert og godt tenestetilbod for folk i dei minste lokalsamfunna i åra framover.

Best på 30 år

Distriktsmeldinga prøver å slå i hel myten om at det i dag skjer ei einsidig flytting frå distrikta til storbyregionane. Fakta viser at flyttestraumane mellom by og land går begge vegar, og innanlandsk flytting har lite å seie for veksten i storbyane. Det meste av veksten skjer på grunn av innvandring.

- Dei siste åra er nedgangen i folketalet i mange distriktskommunar snudd til vekst. Men det er store skilnader mellom kommunane, og framleis er det mange distriktskommunar som slit med nedgang i folketalet og med å oppretthalde det offentlege og private tenestetilbodet. Av 117 kommunar med nedgang i folketalet i 2011, ligg 115 innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.

Samla sett har vi i dag likevel den beste folketalsutviklinga i distrikts-Noreg på over 30 år. Hovudårsaka er innvandring. Alle fylka har hatt vekst i folketalet dei siste åra, og det var 118 fleire kommunar med vekst i 2011 enn i 2006, går det fram av meldinga.

Les Stortingsmelding 13: "Ta heile Noreg i bruk"