Ministerbesøk på butikken i Åmdals Verk

Kommunalministeren er opptatt av nærbutikkane i distriktet. I går besøkte ho Åmdalssverk Daglegvare i Tokke kommune i Vest-Telemark for å informere om den gode støtteordninga som no er på plass.

Åmdalsverk Liv Signe.jpg

GOD STEMNING: Olav Urbø, tidlegare Tokke-ordførar (t.v.), Beate Marie Dahl Eide, Telemark Senterparti, Åse Solli, butikkmedarbeidar, Heidi Helmersen, kjøpmann, og statsråd Liv Signe Navarsete fann tonen på trappa til Åmdalsverk daglegvare i går. Foto: Else Børte, Telemarksavisa

Dette er det andre butikkbesøket i løpet av kort tid. Siste måndag besøkte Liv Signe Navarsete Joker-butikken i Fjærland i Sogn.

- Det er kjekt å kome seg ut i distrikta og sjå kvar Merkur-programmet betyr for nærbutikkane, seier statsråden til Telemarksavisa.

Hadde ikkje råd

Nærbutikken på Åmdals Verk har to gonger søkt Merkur-programmet om tilskot til investeringar. Begge gonger har butikken fått tilsegn om midlar. Men berre det var berre den første gongen at nærbutikken hadde råd til å ta imot pengane. Den siste investeringa måtte leggjast på is, fordi butikken ikkje hadde råd til å dekkje eigendelen på 50 prosent.

Men no er tilskotsordninga forbetra. Dei minste bygdebutikkane får 75 prosent tilskot til nødvendige investeringar i butikken.

- No kan du glede deg over nye reglar der du berre treng å dekke 25 prosent av kostnaden med nye investeringar sjølv. Det er akkurat slike butikkar som dette, at nyordninga gjeld for, sa Liv Signe Navarsete då ho møtte kjøpmann Heidi Helmersen.

- Kanskje eg skal søkje på nytt no, svarte kjøpmannen.

Heidi Helmersen har drive butikk på Åmdals verk sidan 2009, då bygdefolket pussa opp butikken på dugnad. Men ho fekk også støtte gjennom Merkur-programmet, blant anna til oppgradering av kassasystem.

25 Merkur-butikkar

I Telemark er det 25 butikkar som deltar i Merkur-programmet, men berre tre av desse butikkane fekk tilsegn om økonomisk støtte i fjor. Butikkane fekk i gjennomsnitt 125.000 kr til investeringar i butikk eller drivstoffanlegg.

Statsråden fekk også møte tidlegare Tokke-ordførar Olav Urbø som er opptatt av nærbutikkane si rolle som møteplass for folk i bygda:

- Dette handlar ikkje berre om å kjøpe mjølk og brød. Dette er førebygging, seier Olav Urbø til Telemarksavisa.

Ministeren håper at betre tilskotsordning skal føre til at langt fleire butikkar no skal få råd til å sette i gang med modernisering og utbygging slik bygdefolket kan få eit kvalitativt godt butikk-tilbod.