Bekymra for ICA sine distriktsbutikkar

Merkur-programmet er redde for at 83 lokalsamfunn kan bli ståande utan butikk, dersom ICA må leggje ned drifta. – Det har vore for lite fokus på distriktsbutikkane sin situasjon i diskusjonen om avtalen mellom ICA og Norgesgruppen, seier styreleiar Inge Ryan.

Matkroken Verrastranda.jpg

ICA-BUTIKK: - Vi må passe på at dei små ICA-butikkane i distrikta ikkje blir ofra, seier  styreleiar Inge Ryan i Merkur. Matkroken Verrastranda er ein av dei 83 ICA-butikkane som er spent på utfallet av ICA-saka.

542 små butikkar i distrikts-Norge er i dag registrert som Merkur-butikkar. 83 av desse butikkane er ICA-butikkar. 330 butikkar tilhøyrer Norgesgruppen, Coop har 120 butikkar og ni butikkar har ikkje kjedetilknyting. Rema 1000 har ingen butikkar soim deltar i Merkur-programmet.

– Konsekvensane for dei minste butikkane må bli belyst. Til no har det vore lite fokus på dei minste butikkane i diskusjonen om ICA-avtalen, seier Inge Ryan, styreleiar for Merkur-programmet, i eit intervju med Nationen.

83 lokalsamfunn

– Dersom ICA skule bli lagt ned, er det 83 butikkar i 83 lokalsamfunn som blir råka. Det er vår bekymring. Mange vil då miste sin einaste butikk og den siste møteplassen for folk i bygda, seier Ryan.

Han tvilar på om det vil vere interesse hos nokon av dei andre kjedene til å ta over butikkane, dersom ICA-avtalen blir forkasta og ICA vel å gi opp.

– Desse butikkane er ikkje lukrative. Dei har små marginar og låg forteneste. Vi er ikkje så sikre på at Coop eller Norgsgruppen ynskjer å ta over butikkane. Mange butikkar er med i Norgesgruppen, og vi er uvisse på om Coop er interesserte. Rema 1000 har ingen distriktsbutikkar, seier Ryan.

Verst for Nord-Norge

Ifylgje ein rapport frå Institutt for bransjeanalyser(IBA) som vart overlevert til Konkurransetilsynet fredag 8. mars, har ICA 124 av dei 1053 butikkane som i dag er definert som einaste butikk i lokalsamfunn i Noreg. Særleg i Nordland og Finnmark har ICA ein betydeleg del av dei små distriktsbutikkane. Ifylgje rapporten er desse butikkane svært viktige for busetjinga, og utfører ei rekkje tenester for lokalsamfunnet i tillegg til å selje daglegvarer.

Inge Ryan seier distriktsbutikkane opplever kjedetilknyting som nødvendig for å drive.

– Mistar butikkane kjedetilknyting, så mister dei også eit fagleg miljø, og moglegheiter til å få distribuert varene til butikken til ein pris som dei store kjedene har forhandla fram. Det er dramatisk for ein distriktsbutikk å stå utanfor ein kjede, seier Ryan.

Nationen Ica og Inge.jpg

NATIONEN: Styreleiar Inge Ryan talar dei små ICA-butikkane si sak i dagens utgåve av Nationen.

Billegare varer

Merkur-programmet meiner at ICA-avtalen vil føre til at norske distriktsbutikkar kan få billegare varer, fordi ICA og Norgesgruppen saman kan forhandle fram betre vilkår enn ICA gjer åleine. Distribusjonen kan bli billegare ved at same bil kjører varene både til ICA-butikkar, Joker-butikkar og Nærbutikken.

Merkur har tidlegare har arbeidd for samdistribusjon mellom kjedene, fordi det er kostbart å få varene ut til distriktsbutikkane.


– Vi nådde ikkje fram. Kjedene sa at dei hadde optimale løysingar, seier Ryan.

Må ikkje ofrast

Ryan strekar under at han som styreleiar ikkje meiner noko om ICA-avtalen skal godkjennast av Konkurransetilsynet eller ikkje, men han er oppteken av at framtida til ICA sine distriktsbutikkar blir diskutert.

– Vi må i diskusjonen passe på at desse småbutikkane ikkje blir ofra. Vi ville ikkje vore så bekymra om vi visste at nokon ville ta over butikkane, seier han til Nationen.