70 pst. auke i søkjartalet for investeringsstøtte

Butikkane i distrikta satsar på utbygging og oppgradering. 76 butikkar har søkt Merkur-programmet om støtte til investeringar i butikk eller drivstoffanlegg hittil i år. Dette er ein auke på 70 prosent samanlikna med fjoråret.

Lundenes Monica.jpg

FEKK MAKS STØTTE: Nærbutikken Lundenes på Grytøya i Troms er ein av butikkane som får maksimal støtte, etter dei nye reglane. Monica Hammer får 400.000 kr i tilskot til opprustning av kjøl og frys og nytt varemottak. Foto fra reportasje i Harstad Tidend

53 distriktsbutikkar har fått tilsegn om støtte til investeringar pr. 16.april. Til saman er det gitt løfte om statleg tilskot på knapt 9 millionar kroner. Mange av investeringane gjeld utbygging av butikken eller kjøp av nytt utstyr for kjøl og frys. 12 av dei minste butikkane har fått utviklingstøtte. Åtte butikkar har fått tilskot til opprusting av drivstoffanlegg. Nokre butikkar har fått avslag på søknadene fordi dei har for stor omsetnad eller for kort avstand til neste butikk.

Ordninga med investeringsstøtte for distriktsbutikkar vart etablert i 2010. I løpet av dei siste tre åra har fleire hundre kjøpmenn fått hjelp til nødvendige investeringar for å modernisere butikkane sine.

I fjor registrerte det statlege Merkur-programmet fallande interesse for å investere. Økonomien var så dårleg i mange butikkar at dei ikkje hadde råd til eigendelen på 50 prosent. Men frå nyttår av endra Kommunaldepartementet regelverket, slik at dei aller mest utsette butikkane no kan få opptil 75 prosent støtte til investeringar. Samtidig var det opna for meir skjønn i praktisering av reglane for avstand til butikk.

Meir til dei minste

30 av søkjarane er butikkar som kjem inn under reglane for 75 prosent tilskot. Det tyder på at omlegginga av støtteordninga har vore til god hjelp for butikkane med minst omsetnad og lengst avstand til næraste butikk. 20 av søkjarane er butikkar med under 10 km avstand, som tidlegare ikkje kunne få støtte gjennom Merkur.

- Endringane i regelverket for investeringsstøtte har opna for at opptil 200 nye butikkar no kan søkje om hjelp. Dette er hovudårsaka til oppsvinget i søkjartala, seier dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet.

Butikk-opprusting

Merkur-programmet disponerer ei ramme på 32,7 mill. kroner som kan fordelast på investeringar i butikk og drivstoffanlegg. Men i tillegg ligg der unytta midlar på 15 mill. kr frå 2012, som kan brukast i år.

- Dersom interessa for å søkje om investeringsmidlar blir like stor resten av året, reknar vi med at alle midlane blir brukt. Resultatet vil bli ein god start på opprusting av distriktsbutikkane landet rundt, sluttar Helge Schei i Merkur-programmet.

Oversikt over innvilga støtte pr. 16.april 2013