110 butikkar har fått støtte frå Merkur

110 nærbutikkar i distrikta fekk støtte gjennom det statlege Merkur-programmet i fjor. Til saman vart det fordelt 17,2 millionar kroner til nødvendige investeringar i daglegvarebutikkar og drivstoffanlegg.

Reåpning Coop Fevåg 1.jpg

NYOPNING: Coop marked Fevåg på Fosen-halvøya i Trøndelag fekk støtte til ombygging av nærbutikken. Merkur-konsulent Stig Olson (t.h.) deltok på reopninga i september.

41 butikkar i distrikts-Norge har fått tilsegn om støtte til drivstoffanlegg. Ordninga med tilskot til etablering eller opprusting av drivstoffanlegg var ny i 2012. Målsettinga var å sikre god tilgang på bensin og diesel også i utkantane.

Nordland er det fylket som har fått mest hjelp frå staten til sikre forsyninga av drivstoff. Ni butikkar har fått tilskot til drivstoffanlegg. Fire av butikkane har fått maksimalt tilskot på 500.000 kroner. Det gjeld butikkar på Rødøy, Skutvik, Løkta og Kaljord.

Det har også vore stor interesse for å satse på drivstoffanlegg i Sogn og Fjordane, der anlegg på Bulandet og i Vevring har fått maksimalt tilskot. Til saman er det gjeve tilsegn om 8,5 millionar kroner til drivstoffanlegg, fordelt på 15 ulike fylke.

158.000 kroner

70 daglegvarebutikkar har fått tilsegn om investeringsstøtte til kjøl, frys, butikkdata, utbygging eller liknande. Sogn og Fjordane og Nordland ligg på topp også på denne statistikken, med høvesvis 1,5 og 1,4 millionar kroner i statleg støtte.

Reåpning Coop Fevåg ferksvare.jpg

FIN BUTIKK: Butikken på Fevåg har fått ei fristande ferskvare-avdeling etter ombygginga.

Til saman er det fordelt 7,2 millionar kroner til investeringar knytt til butikkdrifta. I tillegg er det gjeve 1,3 millionar kroner i utviklings- og aktivitetsstøtte til 38 forskjellige butikkar. Fleire av butikkane som deltek i Merkur-programmet, har søkt om fleire typar tilskot. Gjennomsnittleg fekk kvar av dei 110 butikkane eit tilskot på 158.000 kroner.

Dårleg råd

Mange butikkar måtte i fjor takke nei til investeringsstøtte til drivstoffanlegg eller butikk på grunn av dårleg økonomi og problem med å stille eigenkapital. Fleire butikkar har også vore opptekne med å gjennomføre prosjekt som dei fekk tilsegn om tilskot til i 2011. Talet på butikkar som fekk tilskot gjennom Merkur-programmet i 2012, var derfor noko mindre enn året før.

Kommunal- og regionaldepartementet har no forbetra regelverket for støtte til butikk-investeringar i 2013, slik at dei minste og svakaste butikkane kan få 75 pst. tilskot i staden for 50 pst. tilskot. Samtidig er krava til omsetnad og avstand til næraste butikk mjuka opp. Departementet reknar med at dette vil føre til at langt fleire distriktsbutikkar no vil søkje om tilskot og bli rusta opp. Udisponerte midlar frå 2012 vil bli overført til budsjettet for 2013.


Oversikt over tilskot fordelt 4.kvartal 2012

Oversikt over tilskot gjennom Merkur-programmet 2012