Rekordstor interesse for butikk-støtte

Nærbutikkane i distrikta byggjer ut og moderniserer som aldri før. 141 butikkar har no fått støtte til investeringar gjennom Merkur-programmet. Det er meir enn dobbelt så mange som på same tid i fjor.

Ove Hætta i butikken.jpg

GOD STØTTE: Kjøpmann Ove Hætta i Masi i Finnmark er ein av butikkane som fått støtte gjennom Merkur-programmet til opprustning av butikken.

Butikkane i Bygde-Noreg har lenge hatt stort behov for opprustning. Interessa for å søkje om støtte til investeringar har nærmast eksplodert etter at regelverket vart forbetra. Merkur-programmet for distriktsbutikkar har innvilga 170 søknader frå 141 butikkar pr. 1.september, mot 66 søknader frå 61 butikkar i fjor.

- Butikkane er ein viktig del av infrastrukturen i Distrikts-Noreg. Utan tilgang på ein daglegvarebutikk av god kvalitet, er det vanskeleg å få folk til å busette seg utanom byar og tettstader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

26 mill. kr fordelt

Merkur-programmet forvaltar den statlige støtteordninga for distriktsbutikkar på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Hittil i år har det blitt gitt tilsegn om 20 millionar kroner i investerings- og utviklingsstøtte, mot berre 8,6 millionar kroner i heile fjor. Strenge krav til eigenkapital gjorde til at mange utkant-butikkar ikkje hadde råd til å ta imot investeringsstøtte i 2012.

Stortinget har dei siste åra løyvd 15 mill. kr årleg til butikkutvikling. No har både årets løyving og ledige midlar frå i fjor blitt brukt til eit historisk løft for nærbutikkar i distrikta. Merkur har også fordelt 6,6 millionar kroner som investeringsstøtte til drivstoffanlegg i distrikta og eit forsøk med utvikling av butikken som møteplass.

Har hjelpt 450 butikkar

Ordninga med investeringsstøtte for distriktsbutikkar vart etablert i 2010. I løpet av de fire siste åra har 450 butikkar fått hjelp til nødvendige investeringar for å modernisere butikkane sine. Butikkane kan få støtte til kjøl, frys, butikkdata, opprustning eller utbygging.

- Målet med støtteordninga er å heve kvaliteten på butikkane, gjere dei meir lønnsame og gi eit godt tenestetilbod til folk. Nærbutikken er avgjerande for at folk skal bu og trivast på bygdene, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

 Her er butikkane som har fått støtte gjennom Merkur-programmet pr. 1.sept