Beste nærbutikk på indre Austlandet

Joker Ryfoss på Vang i Valdres er kåra til beste nærbutikk på indre Austlandet.  Prisen vart delt ut på Merkurs regionkonferanse på Lillehammer onsdag kveld.

Joker Ryfoss Årets butikk 2.jpg

GLADE VINNARAR: Monica Litangen og Tom Kjetil Tørstad har den beste nærbutikken på indre Austlandet. Prisen vart delt ut av dagleg leiar i Merkur-programmet, Helge Schei (i midten). T.v. Merkur-konsulent Vigdis Myhre Næsseth.

- Det er kjekt at vi blir sett pris på. Dette gir motivasjon og lyst til å drive vidare, til beste for lokalmiljøet, seier sambuarparet Monica Litangen og Tom Kjetil Tørstad som eig butikken i lag.

Butikken på Ryfoss opplevde sviktande omsetnad og var i realiteten truga av nedlegging då Monica og Tom Kjetil overtok i 2010. I løpet av tre å har omsetninga blitt nesten dobla. No planlegg dei bygging av ein ny og større butikk.

- De har utvikla Joker Ryfoss til å bli ein stjernebutikk, samstundes som det har vore familieauke. Det er imponerande, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar.

Driftig kjøpmann

Juryen hadde fleire gode kandidatar til årets beste distriktsbutikk. Juryen seier at dei fall ned på ein butikk som har ein driftig og modig kjøpmann som med pågangsmot og glede har klart å snu ein butikk på ein slik måte at bygdefolket no støttar 100 pst. opp mot butikken sin. Kundane blir møtt med glede og smil – og ein ryddig fin butikk.

Det er Monica Litangen som har hovudansvaret for butikk-drifta. Tom Kjetil Tørstad driv eit byggefirma, i tillegg til å hjelpe til på butikken. Første året jobba han veldig mykje gratis. I fjor kom butikken ut med ei omsetning på 12,7 mill. kr og eit greitt resultat.

- Drivkrafta for å drive butikk er at lokalmiljøet treng det og set pris på det, seier Tom Kjetil.

Farmen-dag og bleieavtale

Monica blir omtalt som ei god kremmar, som er villig til å prøve ut nye ting. Butikken har fått sin eigen Farmen-dag, med utandørs aktivitetar som engasjerer heile bygda. Butikken har også sin egen kaffikrok. Til forskjell frå dei fleste andre nærbutikkar har dei bygt opp ei eiga avdeling med interiørartikler fra Black Design.

Alle nyfødde i bygda får helsing frå butikken, med tilbod om ein avtale som gir gratis bleier. Butikken har også fått eigen bil for utkjøring av varer til eldre i distriktet.

Butikken har god kontakt med kommunen, som har bedt om at butikken søkjer om midlar til aktivitetane sine.

Toraderspel.jpg

TORADER-DUO: Monica og Tom Kjetil har taket på toraderen. Etter prisutdelinga, som skjedde på Kulturhuset i Ro i Vestre Gausdal, gav dei ein liten konsert til dei andre kjøpmennene.

Helsing frå statsråden

Under utdelinga av diplomet vart det også framført helsing frå statsråd Liv Signe Navarsete, som har ansvar for Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar.

- Vi som arbeider med distriktspolitikk, er avhengige av eldsjeler rundt om. Slike som de som arbeider på Joker Ryfoss. De er i utvikling, tek grep og finn gode løysingar for dykk sjølve, for butikken  og for lokalsamfunnet. Eg skjønar det er imponerande kva som er oppnådd her på Ryfoss i løpet av kort tid, seier kommunalministeren i helsinga til prisvinnarane.

Kommunalministeren karakteriserer butikken på Ryfoss som eit knutepunkt og ei kraft i lokalsamfunnet.  Gjennom sine år som statsråd har ho fått stor respekt for den jobben kjøpmennene i distrikta legg ned for butikken og for lokalsamfunna sine.

- Det er ei vitamininnsprøyting for meg å helse på folk og sjå det store engasjementet og den drivkrafta som ligg i mange Merkur-butikkar rundt om, seier Navarsete.