Seks nye butikkar har fått tipping

Seks distriktsbutikkar har blitt kommisjonærar for Norsk Tipping denne sommaren. Merkur-programmet arbeidet for at også mindre nærbutikkar i distrikta skal kunne gi eit speletilbod til kundane sine.

Trym Falao Skutvik.jpg

TIPPING: Trym Falao ved Skutvik Handel på Hamarøy i Nordland er glad over å kunne tilby tippe-tenester. Trym overtok butikken i fjor, etter at den først vart nedlagt.

Merkur-programmet og Norsk Tipping har forhandla fram ein avtale som skal gjere det lettare for dei mindre butikkane å bli godkjent som som kommisjonærar. Seks butikkar fekk starte med sal av tippe-tenester 20.juni, som eit resultat av denne avtalen.

Her er dei nye tippe-butikkane: Skutvik Handel (Hamarøy), Nerskogen Landhandel (Rennebu), Auklandshamn handel (Sveio), Joker Vassøy (Stavanger), Joker Kvanne (Surnadal) og Matkroken Kvelibua (Lierne).

Tipping er viktig

Merkur-programmet arbeider for å dei små butikkane i distrikta skal få fleire bein på stå på, slik at dei kan hevde seg i konkurransen med større butikkar i kommunesentra. Gjennom nærbutikken kan lokalsamfunna få eit godt tilbod av både varer og tenester.

Post og tipping er dei to mest vanlege butikk-tenestene. Når ein butikk blir kommisjonær for Norsk Tipping, gir det ekstra omsetnad, ekstra fortenestemargin og, ikkje minst, mindre handelslekkasje.  Derfor er det svært mange nærbutikkar som ønskjer å få tippe-tenester.

Krav til omsetnad

Nesten 300 av dei 560 butikkane som deltek i Merkur-programmet, tilbyr i dag tipping. Merkur meiner i utgangspunktet at alle butikkane burde få lov til å vere tippe-kommisjonærar. Men Norsk Tipping har sett krav om at kvar butikk må ha ein gjennomsnittleg tippe-omsetnad på 6000 kroner pr. veke.

Norsk Tipping gir uttrykk for at dei vil satse på butikkar og kioskar som kommisjonærar, sjølv om ein del av pengespelet no går over nett og mobil. Dei vil spesielt satse på butikkar som blir definert som sosial arena.

Merkur-programmet ønskjer at dei minste butikkane skal få tilbod om spel i kasse, der det ikkje er økonomisk grunnlag for å setje opp ein eigen tippe-terminal.