Merkur går over til elektroniske søknadsskjema

Merkur går over til elektroniske søknadsskjema for å få raskare og betre saksbehandling. Snart vil du kunne søkje om tilskot til investeringar i butikken ved å fylle ut eit digitalt skjema på nettsida. Det nye søknadsskjemaet vil etter planen vere klart i februar.

Feios støyping red.jpg

MÅ VENTE: Det er ikkje mogleg å søkje om investeringsstøtte i januar på grunn av omlegging av søknads-systemet. Feiosbui i Sogn fekk støtte i fjor og er godt i gang med opprustning av sin butikk.

Det gamle søknadsskjemaet er tatt bort frå nettsida. Alle fullstendige søknader som vart sendt inn før årsskiftet, vil bli behandla på normal måte.

Merkur vil ikkje kunne ta imot nye søknader for 2014, før det elektroniske søknadsskjemaet er på plass ved månadsskiftet januar/februar. Vi beklagar dersom dette skulle skape problem for nokon av butikkane.

Det blir ingen endringar i regelverket for støtteordningane i 2014, verken når det gjeld investeringar i butikk eller investeringar i drivstoffanlegg. Dei nye reglane som vart innført i januar 2013, vil gjelde også for neste år.

Betre oversikt

Etter omlegginga vil du kunne logge deg inn på søknadskjemaet på liknande måte som du brukar ved innlevering av sjølvmelding på Altinn. Innovasjon Norge har brukt elektronisk søknadsskjema i fleire år. Det nye skjemaet for distriktsbutikkar er skreddarsydd for Merkur. I dette systemet vil du både kunne søkje, akseptere tilsegn og rapportere/be om utbetaling.

Det er Kommunal- og regionaldepartementet som har oppmoda Merkur om å ta i bruk eit webbasert system for søknadshandsaming, arkivering og rapportering. Når alle opplysningar er digitalisert, blir det lettare å få oversikt over korleis støttemidlar blir brukt. Som søkjar vil du lett kunne hente fram status i saka di, skrive ut kopi av søknad og tilsegn, og rapportere/be om utbetaling.

Meir effektivt

Administrasjonen i Merkur trur at overgang til nettbasert søknadsskjema vil kunne gi meir effektiv saksbehandling. I dag blir det brukt for ein del ressursar på å rette opp mangelfulle søknader og få ettersendt opplysningar som manglar. Det nye søknadsskjema er laga slik at det ikkje er muleg å sende inn søknaden før alle nødvendige felt er fyllt ut og dokumentasjon er vedlagt. Samtidig er det enkelt å  registrere søknader som ein kan lagre midlertidig, før ferdigstilling og innsending.

Merkur vil oppmode alle butikkane om å søkje gjennom dette systemet frå og med 2014. Men dette skal ikkje vere eit absolutt krav. Søknader som blir sendt til Merkur utanom dette systemet, vil måtte scannast og registrerast inn manuelt av administrasjonen. Du må derfor rekne med noko lengre handsamingstid ved manuelt innsendte søknader, enn ved søknad via det nettbaserte systemet. 

Merkur-konsulentane får opplæring i det nye søknadssystemet, slik at dei kan hjelpe butikkane med å fylle ut søknader riktig.