30 mill kr til investeringsstøtte

Merkur-programmet får 30 millionar kroner i 2014 til fordeling på butikkar som har behov for investeringsstøtte. Dette er ein nedgang på 2,7 millionar kroner i forhold til budsjettet for 2013.

Helge Schei_Halvard Mikalsen_Løkta handel.jpg

KLAR FOR 2014: Dagleg leiar Helge Schei har 30 mill. kr til disposisjon for butikk-investeringar. T. h. kjøpmann Halvard Mikalsen.

Regjeringa Stoltenberg hadde foreslått eit kutt på 1,2 mill. kr i støtteordningane i sitt forslag til statsbudsjett. Regjeringa Solberg har bestemt seg for å kutte ytterlegare 1,5 mill. kr.

- Vi tar dette til orientering og satsar på  å forvalte desse midlane på ein god måte, seier dagleg leiar Helge Schei i ein kommentar.

Løyvinga til butikkutvikling og kompetanse-oppbygging blir på 9 mill. kroner neste år. Det er same sum som Merkur fekk for innverande år.

Det blir ingen endringar i støtteordninga eller reglane for investeringsstøtte neste år. Det nye regelverket som vart innført i januar, vil gjelde også for 2014.