Merkur-programmet blir evaluert

Kommunaldepartementet har sett i gang ei ny evaluering av Merkur-programmet. Møreforskning vil på oppdrag frå departementet samle data for eit utval på 100 utkantbutikkar og gjennomføre intervju med mange kjøpmenn

Besøk hos Joker Hongsand.jpg

SJEKK: Fungerer Merkur-programmet slik som det skal? Dette vil departementet prøve å finne ut. Biletet viser Merkur-kjøpmenn på studietur til Joker Hongsand i Trøndelag.

I løpet av vinteren vil mange kjøpmenn bli kontakta av samfunnsforskarar med spørsmål om kva slags erfaringar dei har med Merkur-programmet og kva effekt støtteordningane har hatt for butikkdrifta.

Opplysningane som blir samla inn gjennom statistisk analyse og intervju, skal munne ut i ein rapport til departementet. Evalueringa skal etter planen avsluttast i mars. Resultatet av evalueringa vil vere eit viktig grunnlag for departementets vidare innsats på distriktsbutikkar.

Ikkje første gong

Det er ikkje første gongen at Merkur-programmet blir kritisk vurdert av eigarane. Både Østlandsforskning og Møreforskning har gjennomført omfattande evalueringar av kompetanseprogrammet. Begge gonger har Merkur kome ut med positiv omtale. Deltakarane har gitt uttrykk for at dei har hatt god nytte av å delta. Og butikkane som har deltatt i hovudprogram, har fått fleire tilleggsfunksjonar enn dei hadde før dei fekk kontakt med Merkur.

Vedtaket om å gjennomføre ei ny evaluering av Merkur vart tatt i Kommunaldepartementet før regjeringsskiftet. Denne gongen vil departementet leggje vekt på effekten av investeringsstøtte-ordninga, som fekk utvida rammer i 2010. To år seinare kom det også i gang ei støtteordning for drivstoff-anlegg knytt til butikk.

100 butikkar

Møreforskning vil samle inn data for eit utval på 100 utkantbutikkar som har mottatt støtte gjennom Merkur-programmet eller deltatt i aktivitetar gjennom Merkur. Det vil bli gjennomført intervju med aktuelle kjøpmenn og representantar frå dei respektive kommunane.

Departementet ønskjer å finne ut om økonomisk støtte  har styrkt butikkane si evne til overleving  og gitt bygda eit breiare og betre tilbod, slik målsettinga er. Dei vil også finne ut om Merkur er organisert på ein god måte for å løyse oppgåvene sine.