Nasjonal aksjon for lokal handel

Laurdag 9.november har nærbutikkar over heile Norge felles aksjonsdag for lokal handel.  I løpet av hausten vil nærare 200 butikkar ha deltatt i «Hugs å handle heime»-kampanjen.  

Todalen.jpg

HANDLE DER DU BUR:  Kjøpmann Terje Nordvik i Todalen på Nordmøre satsar lokal handel. Laurdag byr han på «graut og bakels» for alle kundar.

For tre veker sidan gjennomførde 30 butikkar i Rogaland og Sunnhordland sin kampanje for handel i heimbygda. No kjem 130 nye butikkar på banen, og nærare jul er det venta at ytterlegare 30 butikkar vil aksjonere for lokal handel.

Haldnings-kampanje

- Målet med kampanjen er å skape større bevisstheit om kor viktig butikkane er for bygdene. Mange små butikkar er usikre på framtida. Når folketalet går tilbake eller mange reiser til ein større butikk for å handle, kan det vere eit tidsspørsmål før bygda blir heilt utan butikk, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

På aksjonsdagen spanderer butikkane kaffe, brus, is og kaker til kundane. Fleire butikkar har ekstra tilbod og smaksprøver. Hellesøy landhandel i Øygarden tilbyr vinylkveld og reopning av kafeen i bygda. Matkroken L. Hals i Todalen tilbyr nykoka smørgraut og lokal bakels.

Samtidig blir det fokus på kor viktig det er at kundane handlar så mykje som mogleg i den lokale butikken, i staden for å reise til ein større butikk på ein større stad.

Service og møteplass

I fjor vart det lagt fram ein rapport som viser at 4 av 10 distriktsbutikkar har så store økonomiske utfordringar at den vidare drifta står i fare.  Dersom nærbutikkane skal overleve, er det avgjerande viktig at bygdefolket slår ring om butikken sin.

- Skule og butikk er dei to viktigaste faktorane for eit vel fungerande bygdesamfunn. Butikken er ikkje berre ein stad for å kjøpe daglegvarer. Den er også ein viktig samlingsplass, der du kan møte naboar og få utført mange tenester, seier Per Kjetil Jørgensen  i Merkur-programmet.

Han avviser at folk på bygdene kan spare mykje pengar på å reise til større senter for å handle daglegvarer, sjølv om prisane der kan vere noko lågare. Dersom du skal samanlikne prisar, må du også ta med kva det kostar å reise fleire mil for å handle.

- Folk på bygdene må bruke butikken sin, dersom dei framleis ønskjer å ha eit butikktilbod. Dei negative konsekvensane ved butikk-nedlegging blir aller størst for eldre som ikkje har eigen bil. Bruk butikken når du er ung, så har du den når du blir gammal og tung, sluttar Per Kjetil Jørgensen.