Ingen kutt for Merkur – så langt

Regjeringa Solberg vil halde fram med Merkur-programmet. Kommunalminister Jan Tore Sanner har ikkje foreslått kutt verken i kompetanseprogrammet eller tilskotsordninga i sin tilleggsproposisjon for statsbudsjettet for 2014, som vart lagt fram i dag.

Sanner på kontoret.jpg

FØRSTE BUDSJETT:  Statsråd Jan Tore Sanner vil justere kursen i Kommunaldepartementet. Men han kom ikkje med forslag om endringar for Merkur-programmet, i sitt første forslag til statsbudsjett.

Det var knytt ei viss spenning til kva for innsparingar den nye regjeringa ville foreslå  i statsbudsjettet for neste år. Regjeringa Stoltenberg gjekk inn for å vidareføre Merkur-programmet og investerings- og utviklingsstøtta  på om lag same nivå som i dag. No foreslår den blå regjeringa det samme.

Men Merkur er førebudd på at det kan kome forslag om nedskjeringar når departementet skal skrive ut detaljerte tilskotsbrev til ulike formål. Det kan også bli endringar som eit resultat av budsjett-forhandlingane i Stortinget.

Slutt på Bulyst

Regjeringa Solberg foreslår fleire kutt når det gjeld løyvingar til regionalpolitikken. Bulyst-programmet blir foreslått nedlagt. Det gir ei innsparing på 45 mill. kr. Midlane til verdiskaping i lokale og regionale parkar blir redusert med 5 mill. kr.

Distriktssenteret  får også redusert løyvingane sine med 5 mill. kr. Samtidig får senteret heilt nye arbeidsoppgåver. Kompetansesenteret for distriktsutvikling vil heretter bli eit ressurssenter for kommunesamanslåingar. Det vil seie at senteret skal samle inn erfaringar frå kommune-samanslåingar og formidle desse vidare.

Midlane til Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) blir foreslått kutta med 10 mill. kr. Løyvinga til nasjonale tiltak for regional utvikling blir foreslått redusert med 85 mill. kr.

Merkur til Stortinget

Forslaget til budsjett for neste år skal no behandlast av Stortinget. Kommunalkomiteen startar sitt arbeid på måndag, med to ei omfattande høyring som går over to dagar.

Styreleiar Inge Ryan og dagleg leiar Helge Schei i Merkur skal møte kommunalkomiteen måndag ettermiddag for å informere om kor viktig butikken er for bygdene – og kor viktig Merkur-programmet er for utvikling av butikkane.

Endeleg budsjett for Merkur neste år vil bli avgjort i Stortinget i desember.