Nærbutikken gjennoppliva bygda

"Etter eitt år i skinndød tilstand, er bygdas hjarte atter byrja å slå: I går vart Hellevik Nærbutikk nyopna"

Hellevik og Helle.jpg

RAUD SNOR: Kjøpmann Johann Baldursson og grendelagsleiar Anne Hopland heldt snora då ordførar Arve Helle opna nærbutikken på Hellevik.   Foto: Ole Johannes Øvretveit, Firda

Slik presenterer avisa Firda det som skjedde i Fjaler i Sogn og Fjordane, der Hellevik fekk gjenopna den  nedlagte butikken – med god støtte frå både grendalag og Merkur-programmet.

Eit femtitals bygdefolk møtte fram til opninga, som vart gjennomført av ordførar Arve Helle. Tidlegare har bygdefolket samla inn over 350.000 kr i aksjekapital og det har blitt gjennomført eit omfattande dugnadsarbeid for å få butikken klar til opningsdagen.

Krise for bygda

Det vart plutseleg krise i bygda då den førre eigaren kasta korta og stengde butikken for nesten nøyaktig eitt år sidan. Leiaren i Hellevik grendelag, Anne Hopland, starta kronerulling og leita høgt og lågt etter nokon som kunne tenke seg å drive butikken vidare.

Bygda måtte heilt til Island for å finne ein ny kjøpmann.  Gjennom samarbeid med Stongfjorden Vekst i nabokommunen kom dei i kontakt med Johann Baldursson som har 20 års erfaring innan sal i heimlandet. I sommar tok han med seg familien og flytta til bygda ved Dalsfjorden.

No vil nærbutikken prøve med islandske delikatessar som hangikjøt, i tillegg til tradisjonelle norske matvarer.  Hangikjøt er lammekjøt som er røykt mykje hardare enn ein gjer i Norge.

Merkur støttespelar

Merkur-konsulent Ronny Movatt har spelt ei aktiv rolle for å få på plass ein ny butikk. Under opninga fekk både han og Merkur-programmet takk frå grendalaget. Hellevik Handel har også fått 399.000 kr i investeringsstøtte gjennom den statlege støtteordninga for distriktsbutikkar som Merkur forvaltar. Butikken har også fått eit tilskot på 40.000 kr frå Fjaler Næringsutvikling.

Hellevik dugnad.jpg

OMFATTANDE DUGNAD: Store og små stilte opp på dugnad for å få butikken klar til opning i november.  Foto: Firda

Bygdefolket sette tydeleg stor pris på at grenda har fått tilbake butikken: - Dette er aldeles fine greier, sa Magnus Øen (90) og Kåre Hovland ( 88) til lokalavisa.

- Siste året er det trasigaste eg har vore med på. Eg måtte ta bussen til kommunesenteret Dale for å handle, og for å få dei tre timane til å gå til bussen gjekk heim att, tok eg like godt bussen til Førde og attende, seier Magnus Øen til Firda.
 

Her kan du lese reportasjen i Firda