
Nærbutikken gjennoppliva bygda
“Etter eitt år i skinndød tilstand, er bygdas hjarte atter byrja å slå: I går vart Hellevik Nærbutikk nyopna”
Slik presenterer avisa Firda det som skjedde i Fjaler i Sogn og Fjordane, der Hellevik fekk gjenopna den nedlagte butikken – med god støtte frå både grendalag og Merkur-programmet.
Eit femtitals bygdefolk møtte fram til opninga, som vart gjennomført av ordførar Arve Helle. Tidlegare har bygdefolket samla inn over 350.000 kr i aksjekapital og det har blitt gjennomført eit omfattande dugnadsarbeid for å få butikken klar til opningsdagen.
Krise for bygda
Det vart plutseleg krise i bygda då den førre eigaren kasta korta og stengde butikken for nesten nøyaktig eitt år sidan. Leiaren i Hellevik grendelag, Anne Hopland, starta kronerulling og leita høgt og lågt etter nokon som kunne tenke seg å drive butikken vidare.
Bygda måtte heilt til Island for å finne ein ny kjøpmann. Gjennom samarbeid med Stongfjorden Vekst i nabokommunen kom dei i kontakt med Johann Baldursson som har 20 års erfaring innan sal i heimlandet. I sommar tok han med seg familien og flytta til bygda ved Dalsfjorden.
No vil nærbutikken prøve med islandske delikatessar som hangikjøt, i tillegg til tradisjonelle norske matvarer. Hangikjøt er lammekjøt som er røykt mykje hardare enn ein gjer i Norge.
Merkur støttespelar
Merkur-konsulent Ronny Movatt har spelt ei aktiv rolle for å få på plass ein ny butikk. Under opninga fekk både han og Merkur-programmet takk frå grendalaget. Hellevik Handel har også fått 399.000 kr i investeringsstøtte gjennom den statlege støtteordninga for distriktsbutikkar som Merkur forvaltar. Butikken har også fått eit tilskot på 40.000 kr frå Fjaler Næringsutvikling.

Bygdefolket sette tydeleg stor pris på at grenda har fått tilbake butikken: – Dette er aldeles fine greier, sa Magnus Øen (90) og Kåre Hovland (88) til lokalavisa.
– Siste året er det trasigaste eg har vore med på. Eg måtte ta bussen til kommunesenteret Dale for å handle, og for å få dei tre timane til å gå til bussen gjekk heim att, tok eg like godt bussen til Førde og attende, seier Magnus Øen til Firda.