Vellukka «Handle heime»-aksjon

Laurdag var det felles aksjonsdag for lokal handel i 130 butikkar over heile Norge. Aksjonen vart først og fremst markert i butikkane, men fleire aviser hadde også oppslag om kor viktig det er å handle der du bur.

Matkroken Tovdal.jpg

GOD SERVERING:  Kjøpmann Terje Nordvik i Todalen på Nordmøre fekk god hjelp av Karen Johanne Talgø når det galdt koking og steiking for kundane sine. Foto: Jon Olav Ørsal

Kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur er godt fornøgd med interessa for aksjonsdagen. Det er tydeleg at mange kjøpmenn vil ha ein årleg aksjondag då dei både kan setje ekstra pris på kundane sine – og minne om kor viktig det er å handle lokalt.

Hektisk i Todalen

Kjøpmann Terje Nordvik ved Matkroken L. Hals i Todalen på Nordmøte var ein av dei som satsa skikkeleg, med stor aktivitet i kaffikroken  både fredag og laurdag. Kjøpmannen serverte kaffe og smultringar fredag og bakels med graut som tilbehør til kaffen på laurdag.

Matkroken hadde alliert seg med Johansen bakeri for å få nok smultringar og hadde leigd inn ekstra folk til koking og steiking. - Dette vart suksess, fortel kjøpmannen til den lokale nettavisa Todalen.

Tidlegare i veka hadde kjøpmannen invitert elevane i 1.-4. klasse på barneskulen til å besøke butikken. Dei tok med teikningar som vart hengt opp i butikken, teikna frukt og grønsaker som låg i hyllene og lærde praktisk matematikk ved å finne prisar på brød, smør og pålegg. Til slutt lista dei opp gode argument for kvifor lokalbutikken er viktig for bygda!

Les reportasjar frå Todalen

Fleire avis-oppslag

Ei rekkje lokalaviser har hatt oppslag om «Handle heime»-dagen. Fleire aviser i Nord-Norge har publisert eit innlegg frå styremedlem Bjørnar Sellevold med fokus på lokal handel. Nokre aviser har også tatt turen til nærbutikken for å lage eigne reportasjar om korleis det er å drive butikk i små bygder.

Bokhandlerforeningen har slutta seg til kampanjen, med ei oppfordring om å støtte opp om lokal handel både når det gjeld daglegvarerer og bøker.

Les innlegget frå Bokhandlerforeningen: Livet leves lokalt – husk å handle hjemme