«Handle heime»-kampanjen er i gang

31 nærbutikkar i Rogaland og Sunnhordland gjennomførte kampanje for lokal handel laurdag. 100 nye butikkar vil slå eit slag for handel i heimbygda laurdag 9.november.

Joker Ogna.jpg

«HANDLE HEIME»: Joker Ogna på Jæren hadde eigen stand utanfor butikken, med smaksprøver, kaffi, bruks og vafler til kundane.

Dei to siste vekene har Merkur-programmet fått inn mange påmeldingar frå butikkar som vil delta i ein felles aksjonsdag for lokal handel. Så langt ser det ut til at interessen er aller størst i Hordaland og Agder. Men butikkar over heile landet vil gjerne vere med å utfordre bygdefolk til å handle meir på heimstaden sin.

Denne helga stilte nærbutikkane i Rogaland og Sunnhordland opp med kaffi, vafler, brus og is for å gjere ekstra stas på kundane sine. Nokre stader var det også smaksprøver, utlodding av kaker, fiskedam eller andre aktitivetar.

Alle stader vart det infomert om kor viktig butikken er for trivsel og tilflytting i ei bygd. I tillegg til plakatar, kundebrev, klistremerke og ballongar vart det prøvd ut eit nytt flygeblad med gode argument for lokal handel. Dette flygebladet vart delt ut til alle kundar på aksjonsdagen. 

- Det var fin aktivitet på dei fleste butikkane som deltok i kampanjen. Det nye flygebladet for lokal handel fungerte veldig bra, etter dei tilbakemeldingar eg har fått, seier Merkur-konsulent Lars Helgeland som har organisert aksjonsdagen på Sørvestlandet.

Slagordet «Hugs å handle heime» vil utfordre til å handle på heimstaden. Dersom du handlar lokalt, vil du i praksis satse på bygda og gjere ditt eige lokalsamfunn meir livskraftig. Ei bygd med skule og butikk er attraktiv med tanke på tilflytting.

Åkrafjord kake red.jpg

KAKE-LOTTERI: Åkrafjordtunet i Sunnhordland lodda ut denne kaka på kampanje-dagen. Eit populært innslag på aksjonsdagen.