Regjeringa satsar på Merkur-programmet

Regjeringa har sett av 40,5 millionar kroner til Merkur-programmet og utviklings- og investeringsstøtta til daglegvarebutikkar i distrikta i forslaget til statsbudsjett for 2014. 

Oves varesenter 2.jpg

HØGT NIVÅ: Tilskota til investeringar i distriktsbutikkane blir liggande på eit høgt nivå også for 2014, i følge regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Dette er nesten like mykje som vart løyvd for 2013. Både Merkur-programmet og investerings- og utviklingsstøtta til daglegvarebutikkar blir vidareført som i dag. Men ramma for støtteordninga er redusert med 1,2 mill kroner, samanlikna  med årets budsjett. Ramma for 2014 er sett til 31,5 mill. kroner.

- Vi veit ikkje enno bakgrunnen for det vesle kuttet, men vi skal handtere dette på ein god måte uansett, seier daglig leder Helge Schei i Merkur-programmet i ein kommentar.

Merkur har to siste åra hatt ekstra store løyvingar over statsbudsjettet, etter innføring av ordninga med investeringsstøtte til drivstoffanlegg. Den avtrappande regjeringa ønskjer å satse vidare på både kompetanseprogrammet og støtteordningane som blir forvalta gjennom Merkur.

- Merkur-programmet gjer  at fleire distriktsbutikkar får betre lønnsemd, auka servicenivå og sikra vidare drift. Investeringsstøtte-ordningane er med å styrke butikkane ytterlegare. Ordningane skal førast vidare i 2014, seier Kommunal- og regionaldepartementet  i sine budsjett-kommentar.

Regjeringa Stoltenbergs forslagt til statsbudsjett blir no lagt fram for Stortinget. Det er venta at  Solberg-regjeringa vil gå kritisk gjennom mange budsjettpostar, for å markere at landet har fått ny leiing med ønskje om ein ny kurs på fleire område. Endeleg vedtak om budsjettet  for 2014 vil bli gjort i desember.


Vil du vere med på kampanjen?

Ta kontakt: per.kjetil.jorgensen@merkur-programmet.no