Ny nettside som er tilpassa mobil

Nettstaden til Merkur-programmet har fått ny og meir moderne design. Dei nye nettsidene fungerer like godt på mobil og nettbrett som på vanlege datamaskiner.

Merkur responsiv design 2.jpg

TRE FORMAT: Eit innhald, men tre ulike format. Med responsiv design vil nettsida automatisk tilpasse seg enten du brukar pc, nettbrett eller mobil.

- Målet med det nye designet er at kjøpmenn og andre brukarar skal finne lettare fram til det stoffet dei er ute etter. Vi ser at fleire og fleire brukar mobil og nettbrett når dei søkjer etter informasjon. Derfor er det viktig for oss å tilby ei løysing som fungerer like godt på mobil som på pc, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Den nye nettstaden er utvikla av Gasta design & kommunikasjon i Sogndal, i nært samarbeid med Merkur. Sidene er bygt opp med såkalla responsiv design. Det vil seie at designet heile tida tilpassar seg storleik på den skjermen som sida blir vist på. Nettstaden er laga ved hjelp av web-publiseringsverktøyet Squarespace.

Kjøpmenn som driv butikk i distrikts-Norge er den viktigaste målgruppa for nettsida. Her skal du få oppdatert informasjon om utviklingsprogram for nærbutikk og bokhandel, støtteordningar og nyhende som har interesse for kjøpmannen. Nettstaden er også Merkurs offisielle ansikt utad - mot politikarar, presse, bygdelag, næringssjefar eller kommune-representantar som vil vite meir om butikk- og bygdeutvikling.

Enkel design

Nettstaden har fått ein enkel og stilrein design, slik at lesaren får fokus på innhald og tekst. Logoen til Merkur er vidareført, men den kraftige oransjefargen frå den gamle nettsida er dempa ned. Headeren har fått ein mørk grå farge, som gjev sida eit seriøst preg. Det er lagt vekt på god kontrast mellom tekst og bakgrunn, slik at det skal vere behageleg å lese tekst på sida.

Mykje av innhaldet frå den gamle nettstaden er overført til dei nye sidene. Men det er laga ein ny meny-struktur slik at det skal vere meir oversiktleg å finne fram. Det er også lagt inn ein søke-funksjon.

Det er oppretta eit nytt meny-punkt under overskrifta «Nyttig». Her blir det samla opp gode eksempel på nærbutikkar og bokhandlar som tar grep og eller har gode idear til korleis butikken kan utvikle seg. Her vil det også kome informasjon om Butikken som sosial arena, lokalmat og andre prosjekt som Merkur engasjerer seg i.

Bakgrunns-informasjon om Merkur-programmet er samla under eit eige menypunkt. Det er også laga til eit menypunkt med pressemeldingar, pressebilde og linkar til ulike medieoppslag.

Dag Einar Steinsåker_Vidar Bondevik_Gasta 3.jpg

GASTA DESIGN: Merkurs nye nettside er laga av Gasta design & kommunikasjon. Dag Einar Steinsåker (t.v.) har hatt hovudansvar for webdesign. T.h. dagleg leiar Vidar Bondevik.

Dele på Facebook

Den nye nettsida har fått verktøy som gjer det lett å dele informasjon gjennom sosiale medium som Facebook og Twitter. Alle aktualitets-saker på nettet blir delt gjennom Facebook-sida til Merkur. Men no kan alle brukarar dele nettsider ved å klikke på delings-knappen under kvar artikkel.

- Vi gler oss til å ta i bruk den nye nettstaden. Dei gamle sidene var tunge å jobbe med. Både design og funksjonalitet var utgått på dato. No har vi endeleg fått på plass eit godt verktøy for kommunikasjon, seier Per Kjetil Jørgensen.