Nasjonal kampanje for lokal handel

Nærbutikkar over heile Norge vil delta i kampanje for lokal handel. «Hugs å handle heime» er slagordet for kampanjen, som skal stimulere til større handel på distrikts-butikkane. 

HHH kampanje Rogaland 1.jpg

«HANDLE HEIME»: Kjøpmenn frå Sørvestlandet støttar opp om lokalhandel-kampanjen. F.v. Tor Sørskog, Undheim handelslag, Lars Helgeland, Merkur-konsulent, Bjørg Marit Ljusnes og John Karsten Hustveit, Åkrafjordtunet og Sissel Pedersen, Coop marked Ualand.

Laurdag 9.november blir felles aksjonsdag for alle nærbutikkar som deltek i kampanjen. Men 30 butikkar i Rogaland og Sunnhordland har fått lov til å «tjuvstarte» laurdag 19.oktober. Resten av landet følgjer etter tre veker seinare.

Fest og informasjon

På aksjonsdagen spanderer butikkane kaffe, brus, is og kaker til kundane. Gjennom store plakatar, flygesetlar, kundebrev, pressemeldingar, klistremerke og ballongar blir det sett fokus på kor viktig det er for bygda at kundane handlar så mykje som mogleg i den lokale butikken, i staden for å reise til nærmaste supermarknad.

Slagordet «Hugs å handle heime» vil utfordre til å handle på heimstaden. Dersom du handlar lokalt, vil du i praksis satse på bygda og gjere ditt eige lokalsamfunn meir livskraftig. Ei bygd med skule og butikk er attraktiv med tanke på tilflytting. Dessutan er butikken er ofte ein viktig møteplass for bygdefolket.

Større omsetnad

Kampanjen for lokal handel vart gjennomført for første gong sommaren 2011, då rundt 200 butikkar deltok. I fjor var det noko mindre aktitivitet,  men i Rogaland vart det gjennomført ein vellukka kampanje som omfatta 25 butikkar. Fleire butikkar rapporterte om auka omsetnad og positiv stemning på aksjonsdagen.

- Vi auka omsetnaden med 50 prosent på aksjonsdagen. Det er flott. Men det viktigaste er vi byggjer opp lojalitet hos kundane, seier kjøpmann John Karsten Hustveit ved Åkrafjordtunet i Sunnhordland.

Feøy kaffikroken red.jpg

FEØY: Butikken på Feøy markerte Handle-heime-aksjonen med kaffi og kaker til kundane.

Styret for Merkur-programmet har vedtatt at det skal gjennomførat ei ny nasjonal kampanje i haust. Fleire nærbutikkar slit med fallande omsetnad på grunn av stor handelslekkasje. Derfor er det haldningsskapande arbeidet viktig.

- Målet med kampanjen er å skape større bevisstheit om kor viktig butikkane er for bygdene. Mange små butikkar er usikre på framtida. Når folketalet går tilbake eller mange reiser til ein større butikk for å handle, kan det vere eit tidsspørsmål før bygda blir heilt utan butikk, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Vil du vere med på kampanjen? 

Ta kontakt: per.kjetil.jorgensen@merkur-programmet.no