Beste nærbutikk på Vestlandet

Joker Lysefjorden i Ryfylke er kåra til Vestlandets beste nærbutikk.  - Dette er stor stas.  Takk så mykje, sa kjøpmann Rune Stangeland då han tok imot prisen på ei på ei samling for 35 Merkur-kjøpmenn på Bryne.

Rune Stangeland_Inge Ryan_Årets butikk Vestlandet 2013 ny.jpg

GLAD VINNAR: Rune Stangeland (t.v.) har den beste nærbutikken på Vestlandet. Prisen vart delt ut av styreleiar Inge Ryan i Merkur-programmet.

Den driftige kjøpmannen på Forsand er kjent som ei eldsjel i lokalmiljøet. Han har mellom anna dratt i gang ein årleg krabbefestival og arrangerer utandørs konsertar med kjende norske pop-grupper. Utan han ville ikkje bygda ved inngangen til Preikestolen og Lysefjorden ha vore den same.

- Joker Lysefjorden er eit knutepunkt og ei kraft i lokalsamfunnet, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar til tildelinga.

Krabbefestival

Rune Stangeland overtok butikken på Forsand etter foreldra i 1986. Då hadde butikken ein årleg omsetnad på 1,3 mill. kr. To år seinare gjekk 21-åringen til banken for å låne pengar til å byggje ny butikk. I dag har butikken ei omsetning på 15 mill. kr! I tillegg kjem 4,5 mill. kr på omsetning av drivstoff og ein halv million kroner på overnatting og servering.

I tilknytning til butikken er det bygt opp ein populær marina, med stor båttrafikk om sommaren. Årets høgdepunkt i bygda er den tre dagar lange krabbefestivalen, som kjøpmannen har arrangert i 16 år. Då er det palleløp på fjorden, helikopterturar og rib-båtar, krabbelag og dans om kvelden. Tre somrar har Rune Stangeland arrangert konsertar med Vamp og Postgirobygget. Butikken arrangerer også mange konkurransar.

- Vi prøver å vere ein møteplass. Alle arrangement går ikkje med overskot, men det ei form for merkevare-bygging som gir butikken god marknadsføring, seier Rune Stangeland.

Vil gi noko tilbake

Kjøpmannen er opptatt av samspelet mellom butikken og bygda. Han er fødd og oppvaksen på Forsand og ønskjer å gi noko tilbake. I fjor fekk han kjøpt inn ein mini-ballbinge til borna i bygda med 220 innbyggarar.

Rune Stangeland i Forsand.jpg

FORSAND: Butikken til Rune STangeland held til i bygdesenteret Forsand, ved inngangen til Lysefjorden 

Butikken tilbyr kundefrukost, utkjøring av varer, post i butikk, apotekvarer og tipping. Som kjøpmann i ei lita bygd, seier ikkje Rune nei til litt meir uvanlege oppgåver også . Til dømes om han kan levere medisinar til ein av kundane. Eller vere støttekontakt for ein eldre mann.

Joker Lysefjorden har hatt god drift og gode resultat i alle år. 10 personar er tilsett i butikken, fordelt på fem årsverk. Kvart år tek Rune med dei tilsette på personaltur til London. Det skaper eit ekstra godt arbeidsmiljø. 

Helsing frå statsråden

Under utdelinga av diplomet vart det framført helsing frå statsråd Liv Signe Navarsete, som har ansvar for Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar.

- Vi er heilt avhengige av eldsjeler slik som de som arbeider på Joker Lysefjorden. De er i utvikling, tek grep og finn gode løysingar for dykk sjølve, for butikken  og for lokalsamfunnet.  Vi ser at det er viktig for eit lokalsamfunn å ha ein god daglegvarebutikk. Gjennom mine år som kommunal- og regionalminister har eg fått stor respekt for den jobben kjøpmenn legg ned for butikken og for lokalsamfunna som de er ein viktig del av, seier Navarsete på fallrepet.

Joker Lysefjorden har tidlegare fått både kultur- og miljøpris og tiltakspris frå Forsand kommune. Butikken vart kåra til Årets Joker-butikk i 2007.