
Færre bøker, men betre resultat for bokhandlarar
Bokhandlararpå Sørvestlandet sel litt mindre bøker enn tidlegare. Men dei som jobbar aktivt med å forbetre drifta, har likevel greidd å oppnå større forteneste og betre resultat. Dette kom fram på regionkonferansen for Merkur Bok som vart gjennomført på Bryne denne veka.
Merkur-konsulentane Per Spillum og Lars Helgeland har gått gjennom rekneskapet for 13 bokhandlar frå Sunnhordland, Rogaland og Vest-Agder. Netto omsetnad fall ubetydleg frå 4,2 til 4,15 millionar kroner frå 2011 til 2012. Men bruttofortenesta auka frå 41 til 42 prosent. Bokhandlane fekk også litt betre likviditet, resultatgrad og soliditet.
– Fleire av desse bokhandlane har gjort ein snuoperasjon. Dei har gått kritisk gjennom sin eigen situasjon, sett på kva som kan vere mogleg å få til og tilpassa seg til nye marknadsforhold. Dei har rett og slett gjort ein god jobb, seier Merkur-konsulent Per Spillum i ein kommentar.
Optimistisk tone
Det var ei optimistisk stemning på regionkonferansen på Bryne, der 15 bokhandlar frå Sørvestlandet deltok. Dei fleste bokhandlane kunne fortelje om redusert omsetning av bøker det siste året. bokhandlane i distrikts-Norge gir ikkje opp av den grunn.
Ryfylke Bok og IT i Suldal kunne fortelje om kraftig oppsving i salet av IT-varer, etter at bokhandelen og dataverksemda i bygda slo seg saman. Osterøy Bok og Papir hadde valt å kutte ut gåver og hobby-artiklar, på grunn av låg lønsemd. Dei reduserte butikk-arealet, fekk mindre husleige og kom ut med auka omsetnad og betre resultat. Horjen Libris i Flekkefjord fortel om færre kundar, men aukande sal pr. kunde. Farsund Bokhandel går med planar om å utvikle bokhandelen til eit lokalt kulturhus.
Nokre bokhandlar sel framleis skulebøker. Andre har gitt opp å vere med på anbodskonkurransane, fordi fortenesta på skulebøker er forholdsvis låg. Kontorutstyr og leiker er viktige bærebjelkar for dei fleste bokhandlane, i tillegg til bøker.
Viktige bokhandlar
Bokhandlarane sette stor pris på at direktør i Bokhandlerforeningen, Trine Stensen, kunne delta på konferansen. Ho heldt eit inspirerande foredrag om kor viktig dei lokale bokhandlane er for spredninga av norsk litteratur.
– Dersom du legg ned ein lokal bokhandel, vil halvparten av bokomsetnaden forsvinne. Det er ikkje slik at salet utan vidare blir flytta over til netthandel eller andre salskanalar, sa ho.
Deltakarane fekk også med seg eit besøk hos Norli Bryne der bokhandlar Margrethe Orre og hennar medarbeidarar har opplevd ein kraftig vekst i omsetnaden dei siste åra, gjennom ei sterk satsing på sal og litteratur-formidling.
Merkur Bok-konferansen vil bli følgt opp ved butikkbesøk der dei to konsulentane ser utviklinga i kvar butikk og kva for tiltak som kan gjennomførast i det komande året.